lørdag 4. februar 2012

Blomstertorsdag

på ein lørdag..
Jepp då var det plutselig gått ei heil veke og litt til..
Og pausen har våre ufrivilig. Både pc og kroppstrøbbel gjer at ting ikkje blir oppdatert.
Men nå kjem det i alle fall eit lite blomeinnlegg, så folk kan få utfordra seg sjølv  til veka. 
God start fram mot morsdagshelg!

Denne gonga blir det gjennomgong av å sete opp ein enkel blomedekorasjon.
For det heiter det nemlig, ikkje oppsats c,")
Oppsats er nemlig eit stillben med frukt og grønsaker, og det klarer de der ute heilt fint sjølv.

Eg har handla inn ein bukett med ranukkler, og har supplert med litt ekstra grønt.
Om du vil ha anna grønt å dekke med er det bare å spør på butikken, eller se sjølv i utvalget der du handler. I buketten min var det allerede litt grønt, så har brukt dette som avbrekk..


 








Ved bruk av oasis, husk å legge den i vann i vasken i god tid før du skal bruke den. 
Den skal vere gjennomvåt!
Du tenger ikkje legge meir enn bare den biten du skal bruke i vatn, om du veit kor stor bit du treng .


Dytt oasisen ned i skåla, som her. Då former den seg etter underlaget, og du behøver ikkje vere redd for at oasisen ikkje skal ta opp vatn. Oasisen kjem til å gi frå seg litt vatn når du presser den ned.

Eg har ikkje festa oasisen min, men har du ei skål du ikkje er redd for og ikkje har mønster  under seg, fest med oasisfester og oasistyggi. Fås i blomsterbutikk, og vil og tru det går an å få tak i på hobbyforretning som selger utstyr til blomar.


Kutt av hjørna, og form oasisen slik du vil ha den som underlag til blomane.









Sorter det du skal bruke, så du har kontroll, og slepp og leite.
Kutt til blomane til den lengda du vil ha dei. 
Sett dei rett ned i oasisen. Ikkje på skrå eller sidelengs. Då vil dei vise dårligare, og se litt meir uryddig ut.


















Eg har valgt å ikkje samle blomane på ein plass, men symetrisk rundt i skåla. 
Har tidlig sett i både litt av bladene som var i buketten, for å live litt meir opp.
Det var og knoppar på nokre av stilkane, så har brkt dei som avbrekk til det andre.
Husk at du helst ikkje skal bruke samme holet to gonger, for då risikerer du at blomen ikkje får nok vatn. Dette pga at du då har allereie har trykt sammen oasisen og stoppa litt vasstilførsel.

Forsett med å tette resten av oasiein med dei blomane og det grønne du har. 
Når du er ferdig skal du ikkje kunne sjå noko oasis frå nokon kant. Heller ikkje i sittande stilling.


Her er resultatet. Du kan sjølvsagt bruke anna pynt på. Som sommarfugl, sølvtråd, perler o.l.
Om du har større skål eller fat, kan ein godt dekke til noko av oasisen med sand, då går det automatisk mindre grønt til å skjule.

Min dekorasjon har fått plass her:

Neste veke blir det tips til mordag, og valentinsdag!

Ha ei strålande helg videre!

My flower Thursday, comes today, because both my body and my compúter haven´t  been my friends this week.

Here are the spes for how to make a flower decoration.

Next weekend it´s mothersday herein Norway, so the tips next week is for that and Valentinsday. 

Ps!
Alle perleblomane blomstrer veldig fint hos meg!
Litt bilete kjem i morgon!



1 kommentar:

Lisette sa...

Nesten blitt blomster Torbjørd du nå;) Så fine ranunkler;)