fredag 7. oktober 2011

Bolleoppskrift

Eg tenkte rett og slett at eg skulle legge ut oppskrifta på bollene mine. 
Dei er kjempeenkle å lage,  dei er og veldig greie å lage sammen med barn!

Eg har laga dei med vaniljekrem denne gongen, men er og veldig glad i å ha eplemos i dei! Det er kjempsaftig!


Bollene blir stekt i muffinsformer, for å holde på forma, og då kan ein jo bruke akkurat dei formene ein vil c,")

Om du bruker store muffinsformer kan det bli opptil 80 boller, ved dobbling av deigen får ein opptil 120 boller. (Då er deigen kjevla ut og skåren opp i ruter på 9cmx9cm)

Deigen:
1 pk gjær (fersk eller tørr)
200 g smør
4 dl mjølk
1 dl sukker
1/4 hornsalt
1 egg
ca. 13 dl mjøl (knapt 800 g)


Fyll:
Vaniljekrem, ferdig fra pakke eller laga av pose
Eplemos, eller anna syltetøy.


Du gjer:
Smuldre gjæren (eller bland tørrgjær i det tørre) i bakebollen. Smelt smør, tilsett mjølk og la væslka bli fingervarm (dette er ikkje så farlig om du bruker tørrgjær). Ha væske, sukker, hornsalt og egg i bakbollen, rør til gjæren er oppløyst. 
Rør inn drøyt halvparten av mjølet. Arbeid inn meir mjøl, til deigen er mjuk og smidig. 
La den heve lunt og tildekka til dobbel størrelse. Del deigen i to og kjevl kvar del ut til ein tynn og avlang eller firkanta leiv. Skjer en i ruter (9x9 cm), og legg på ein klatt vaniljekrem (eplemos) på kvar rute. Brett inn hjørna og legg bollene i muffinsfrmer. Sett på ovnsbrett. la bollene heve til dobbel størrelse. 


Varm steikeovnen til 250 grader celcius. Steikast i  ca 8-10 min.


Lykke til!

2 kommentarer:

Linda- Vildros och kaprifol sa...

Mums!!
Bullarna ser så goda ut :)

Äppelmos i bullar måste jag pröva nån gong, tack för tipset och receptet :)

Ha en mysig fredagskväll!
Kram kram

Petrine ~ Nederst i havna sa...

Så bra at du likte den lille gaven :) Ingen helg uten sjokolade :)

Takk for tips til bolleoppskrift. Eplemos inne høres veldig godt ut. Tror jeg må prøve ut det en dag.

Ha ei fin helg!