mandag 19. september 2011

Ganske hardt

å stå opp og gå på jobb i dag. Etter ei helg på gjesteseng (lånte vekk dobbeltsenga i  helga), kjennes det i kroppen. Gjestesenga var ikkje like god som dobbeltsenga, så har ikkje sove så veldig godt i helga. Dermed veldig trøtt i trynet på jobb i dag. 

Men hovudgrunnen er nok at eg må venne meg til tidlige morgonar igjen...


Ja eg har hatt ferie, men mest av alt har eg vore langtidssjukemeldt.
Så det er vanskelig nå å skulle stå opp tidleg, og kjøre på jobb.
Og som B-menneske, har eg mange gonger  tenkt at eg nesten ikkje er tilregnelig når turen går på jobb..
Nå er håpet at eg skal komme meg tilbake i jobb (har vore sjukemeldt siden februar). 
Då eg blei sjukemeldt, og eg etterkvart klarte å bruke dagane litt, fann eg ut at eg kunne bruke bloggen min til å hjelpe meg.
Fann tilbake til kreativiteten min, og interessen for interiør, og kunne dele det med andre.
Eg er like takknemlig kvar dag eg går inn her, og får sjå at det er fleire som har vore inn på sida, lagt igjen kommentarer, eller blitt følgere.
Ein heilt ny verden har åpna seg, og heldige meg har blitt litt kjent med andre flott interiørengler der ute c,")
Dette har vore ein god terapi i denne lange perioden (som har gått veldig fort).
 Takk for at de er innom her, gidd å lese det eg skriv, deler flotte kommentarer og tanker med meg! Og ikkje minst deler inspirasjon!!

Ha ei flott veke!!


It`s hard to wake up early in the morning, when it`s many months since I was at work.
I have been in a long-term sick leave.
I have used my blog to help me find back to my self, and my creativity.
I`m so greatful for all that`s reading my blog, comments, and inpiration you give me!

And remember: It`s not enough just to get up in the morning, you have to wake up too! c,")

Have a beutiful week!!

2 kommentarer:

Heimefronten sa...

Hallo Torbjørg - du har vunne i min Giveaway - englehjerte i tre er ditt. Send meg din adresse og jeg skal sende deg gaven på torsdag. Klem fra Tone

Tone sa...

Kjærleik, Torbjørg!
Stooor klem fra Tone :-)