onsdag 4. mai 2011

Hagearbeid og snøver

Vi har ein svær hage her i Sverige, og den er ikkje teken godt vare på. Dei siste åra, eller eigentleg sidan Max kjøpte huset, har hagen vore neglisjert. Huset har vore førsteprioritet.

Nå har vi bestemt oss for å gjere noko med det. Her står det fleire tre som Max har planta, nokon av dei skal vekk, mens andre skal få stå og plantast rundt :)

På søndag var vi på planteauksjon! Kjempegøy! Auksjonen var arrangert av menigheten vi går i her i Röke. Dei har den kvart år, og pengane går til ein døveskule i Tanzania! Så vi satt ikkje veldig hardt på pengane, hihi :)
Det er folk frå menigheten som har teke med seg ulike planter, alt frå ulike tomater til meir spesielle kampanulaer, som dei vil auksjonere vekk. 
Og planter vart det med heim! Det mest spesielle vi kom heim med var eit lite fikentre! Vart spennande å sjå om det klarar seg. 
Vi er veldig glade i det som på norsk blir kallt for Georginer, på latinsk Dahlia. Og det vart med heim ein god del av dei! Dei fleste skal vere dobble lillablå, så blir spennande og sjå kva som kjem opp. Knollane skal i jorda forhåpningsvis i morgon. Dei andre plantene vi kjøpte skal og få sin plass i bed i løpet av dei neste dagane. Gler meg!

Dei siste dagane har gått til å reparere grasklyppartraktor og jordfres (Max sin jobb), finne fram gamle bed, og redde dei blomane som allereie er der, og som vi vil ha med oss vidare. 

Drømmen var jo at veret skulle vere heilt supert og at eg kunne vere ute å jobbe i hagen i det flotte veret, men den gong ei.. Her er det kaldt! Det har til og med snødd!! Dei siste nettene har det vore minusgrader! Så her har det vore på med fleire lag med klede og halde seg varm! Høyrer jo, og ser på Facebook, at eg burde vore att i Stavanger, for der er det visst fint ver og varmt!! Men, men det kjem vel her til og :)

Hadde bare håpa at det slutta å kome slike sure byger!!


 

Ingen kommentarer: