tirsdag 26. april 2011

Pakke og reisedag

Jaja då var kvelden komen, og mannen var reist. Han skal heim til Skåne etter 9 intensive jobbeveker! Og eg skal heldigvis kome etter om ei stund :)

Sidan vi bare leier leilighet her, og har hus i Skåne har det blitt mykje som skal sorterast og sendast der til etterkvart. Vi er jo rimelig nygifte :) Og sidan begge to har vore godt utstyrt allereie, skal vi sette i saman og brige våre to "bo" i saman. Så då blir det å ta noko hit frå min barndomsheim for så evt ha her i leiligheten og kva som skal til Skåne.
Så vi gjer litt etterkvart :) Eg tykkjer det er godt, for då kjem ting litt på plass etterkvart :)

Her i Stavangerområdet har jo våren komen med eit PANG i helga, så det meste er blitt grønt av tre og plenar. Men eg har dessverre ikje fått teke nokon bilete pga opphaldet i sjukehussenga.. Men skal kome sterkare tilbake!

Ha ein flott kveld i sola!

Ingen kommentarer: