lørdag 9. april 2011

Nydelig vær og loppemarked :)

Jippi! Sol og sommer.. Eller i alle fall vårstemning :) Har tilbrukt heile dagen ute med mi beste veninne og hennes flotte son! Og etter det ho og mora :) HÆRLIG!

Dagens plan var LOPPEMARKED :) Det verkar som dei fleste skulane i Stavanger, som kvar vår har  loppemarked, har vald same helga :) Og det gjer meg ingen ting :) For meg blei det to plassar som fekk besøk. Første plass var det lite å sjå, så då gjekk vi ganske fort. Men neste plass er kjent for å ha mykje fint, og det pleier som regel å vere kø der. Og det også i dag! Det opna kl 12, og då klokka var halv tolv var det allereie kø! Det gode veret satte i alle fall ingen stopper for oppmøtet!
Og lopper vart det! Så fornøgd!

God avkastning for pengene, og planer for loppene :) 
Og ikkje minst har eg fått tak i noko eg har ønska meg ei stund! Det andre eg har loppa i dag, har eg tankar om bruken av, så ingen handel utan plan :)

Her skal de få sjå dei, for meg, fantastiske tinga eg har funne i dag:



 Dette flotte, men litt slitte og velbrukte, syskrinet blei med meg heim! Og det kom med innhald :)
Planen er at det skal målast om og verkeleg bli teke i bruk! :)
Dette nostalgiske og flotte fatet skal så brukast framover :) Kjenner minnene frå barndomen hjå besteforeldra mine kjem snikande :)
Som dei næraste undt meg veit, er eg veldig BLÅ. Det er verkeleg den finaste fargen eg veit, somregel uansett nyanse :) Så det er mykje av det hjå oss :) Dette fatet skal nok verkeleg komme til sin rett etterkvart, med både blomar og andre ting i :)

Dette flotte glaset, som ikkje er Norgesglass, skal få lit pynt på seg, og skal så få verke som oppbevaring til telys :)

Dagen har vore kjempekjekk :) Kjem til å leve ei stund på den :)


Ha ein fortsatt flott laurdagskveld :)

1 kommentar:

nips&tips sa...

Glad i loppemarked?

Få med deg hvor og når det skjer:

http://www.facebook.com/nipsogtips