fredag 8. april 2011

Muffins



Skulle blåse ut egg til å lage påskeegg av. Dette blei resultatet :)
Dei er godtkjente av min min kjære og ein liten gutt på seks år :)

Oppskrifta til desse muffinsane er:
200 g smør
350 g sukker
6 egg
450 g kveitemjøl
4 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
3 dl appelsinjus, eller anna jus. (mjølk kan og nyttast)

Rør smør og sukker kvitt. Tilsett eitt og eitt egg, rør godt i saman mellom kvart egg. Sikt saman mjøl i lag med vaniljesukker og bakepulver. Bland det forsiktig inn i røra med ein slikkepott.
Rør så inn væska.

Steikast på 175 grader celsius, i ca 20 min,
Bruk american size former, eller små då får du fleire..

Lykke til!

Denne oppskrifta kan ein lett tilsette den smaken ei vil :)

Ingen kommentarer: